Skjonghellaren


Skjonghellaren er ein av dei mest kjende hellarane på Sunnmøre. Skjonghellaren er ei hole innover i fjellet som ligg 57 meter over havet. Den er laga av erosjon av havet ved tidlegare høgare vannstand. Ved inngangen er holen om lag 38 meter høg. Det har vore utgravingar i Skjonghellaren fleire gongar.

I 1875, 1878 og i 1983. Funn frå dei to første utgravingane enda på Museum i Oslo og Bergen. Ein har funnet ut at det har budd folk i Skjonghellaren i forhistorisk tid, i eldre jarnalder. Under utgravingane vart det ikkje gjort nokon uvanlege funn i forhold til kva som er vanleg i slike holer i fjellet.

Ved utgravingane i 1983 gjorde ein meir geologiske undersøkingar. Ein fant då ein god del rester etter fisk, fugl og pattedyr, desse er ca. 30000 år gamle, dvs. at dei er frå siste istid. Ein del av restane frå siste istid har ein vore så heldig at ein har klart å artsbestemme. Det er funnet restar av:
Alkefuglar, alkekonge, polaromvi, praktærfugl, svartand, tyjor, krykkje, ulke, torsk, fjellrev, oter og sel.

Alle desse restane tydar på at vegetasjonen i området var næringsrik om vinteren også. Ut frå det som er funnet i Skjonghellaren er det vanskeleg å seie noko om kven som har budd der.


<<< Tilbake