Roald Søndagsskulehus


Bygd på tuftene til tidlegare kyrkje. Den vesle krosskyrkja bygd i mur er teikna av arkitekt Grimnes og stod ferdig i 1930.

Arkitekt Grimnes teikna huset som ei lita krosskyrkje i mur, og murmeister Smidt frå Sykkylven fekk i oppdrag å byggje. Bygginga tok til i 1928 og huset stod ferdig i 1930. Det måtte mykje dugnad til med transport og anna. Dugnadsarbeidet vart leia av Jacob Rørvik (Eirik Jacob). Han var søndagssulelærar og eldsjel.

Under bygginga av huset kom folk med ulike deler frå Roald kyrkje. Den gamle kyrkjeklokka, som vart knust då dei reiv kyrkja, prøvde ein å sveisa saman, men det vart ikkje klang i henne. Metallet vart så støypt til ei ny klokke av Liaaen Verft i Ålesund. Denne og lysekrona, laga av Tavle-Jakob, kom på plass i søndagsskulehuset.Dette var lenge det einaste søndagsskulehuset i Noreg, og truleg er det berre dette i dag også.



<<< Tilbake