Eilifrøysa


Stor gravhaug med rikt gravfunn frå romersk folkevandringstid plassert midt ute i skipsleia på Høgstein-neset. Vakkert kulturminneområde med hav på tre kantar, med gravhaugar, bautasteinar og pittoreske Høgsteinen fyrlykt lengst ute på pynten. Parkering ved hovudvegen.

Dette er ein gravhaug som har fått sitt namn etter Eiliv jarl. Eiliv jarl levde om lag 1500 år etter at denne gravhaugen vart bygd. Eilifrøysa er ei stor røys, ho har eit tverrmål på 37 meter og er 5 meter høg. Røysa er laga av stein og jord, og er så dekt med eit lag torv. Dette gjer at røysa ikkje er heilt lik dei fleste gravhaugane frå bronsealderen. Når ein ser på korleis røysa er bygd opp, trur ein at dei som har bygd røysa var dyktige og hadde stor makt. I Eilifrøysa er ei kvinne gravlagd, ho vart gravlagd der ca. 200 år e. Kr. Kvinna var utsmykka med smykker i gull og sølvbelegg. Dette viser at kvinna antagleg var ein mektig og velståande person.


<<< Tilbake