Blimshaugen


Blimshaugen er truleg del av eit større gravfelt og har opphavleg vore 36m i breidda og 6m høg. Det er funne fire graver i haugen, ei mannsgrav, ei jentegrav og to kvinnegraver.

Dei døde er ikkje kremerte, slik skikken var på denne tida. I 1901 og 1942 var det utgravingar i haugen. Kvinnegravene fekk dei rikaste gravgåvene i haugen: leirkar, vinsil av bronse, gullring, halsband av 25 ravperler, kammar av jern og bein, spinnehjul av bronse. Ein fann òg restar av kleda til den eine kvinna i tre ulike stoff. Mannsgrava inneheldt m.a. lanse, spydspiss, syl og knivar av jern, pinsett av bronse. Jentegrava inneheldt m.a. eit halsband av 13 glasperler i ulike fargar og mønster.


<<< Tilbake